Ystebui

Ystebui sel ysteutstyr og kulturar til gardsostprodusenter. Ystebui blir drive av ysteteknolog Pascale Baudonnel. Dei som er medlem i Norsk Gardsost får 20% rabatt, og støttemedlem får 10% rabatt ved kjøp av varer frå Ystebui.



Bestilling

Helst på e-post: bestilling@ystebui.no
Prisliste. Se også Facebook-sida til Ystebui
Tlf 970 16 334 (bruk helst e-post)
Pakking av bestillingane kvar måndag for sending tysdagsmorgon
Frist for bestilling til ukas sending er søndagskveld
Kortfatta skildring av innhald i og bruksområde for: syrekulturar (mesofile og termofile, direkte og dyrkingskulturar), vernekulturar og modningskulturar
Datablad m.a. med garanti for GMO-frie råvarer for kulturar/ingrediensar vi sel





Forhandlar for:

Ystebui er importør og forhandlar for mellom anna desse firma:
  • Elecrem (FR): separator og kinne
  • Chr. Hansen (DK): kulturar
  • Dupont/Danisco (DK): kulturar
  • Coquard (FR): div ysteutstyr og kulturar. Katalog på nett: www.coquard.fr
  • Tomega (BE): tønneforma kinner
  • Bastien (FR)- Osteplagg i bomull og Ramie (indisk brennenesle)
Ystebui formidlar òg halvtønneforma ystekar til mjukostysting og avlange ystekar til fastost kor ein kan forpresse i karet. Levert bl.a. kjelane til Kjerringøy Ysteri og til Ostemaker Øverli.