Datablad og GMO-erklæringar

Om du driv Debiogodkjent mjølkeforedling, blir det krevd dokumentasjon på at ingrediensane ikkje er framstilt med genmodifiserte organismar.
NG-medlemmer med Debiogodkjenning kan kontakte ystebui for å få oppdaterte erklæringar når de treng det.

GMO erklæringane er gyldige i 2 år frå signeringsdatoen.

Ingrediensar utan GMO-erklæring
  • Afilact er ikkje tillatt i økologisk drift fordi det inneheld E1105 Lysozyme, som ikkje er eit godkjent tilsetjingsstoff
  • Chymax er ikkje tillatt i økologisk drift fordi det er framstilt ved hjelp av genmodifiserte mikroorganismar