22. sep. 2017

Her er vinnerne av NM i Gardsost 2017!




Kvitost frå Fana er kåra til Årets produkt!
Det var Ostegården i Fana ved Bergen som stakk av med den aller gjevaste prisen under årets nasjonale ostemønstring. Ein vellagra kvitost med namnet «Fanaosten» fekk høgaste plassering av alle dei 147 påmelde produkta.

Det er organisasjonen Norsk Gardsost som står bak den årlege tilskipinga «Noregsmeisterskap i lokalforedla mjølkeprodukt», som går av stabelen i Oslo denne veka. Vinnarane vart offentleggjorde frå scenen under matfestivalen Matstreif på Rådhusplassen fredag. 

Eit mangfald av norske ostar
I alt vann 24 produkt gullmedale, 28 sylv og 29 bronse, fordelt på ulike klassar. Det var med produkt frå i alt 51 ulike produsentar, spreidde over heile landet. 

Både Årets produkt og ei lang rekkje andre ostar er utstilte på Norsk Gardsost sitt 15 meter lange ostebord på Matstreif. Her kan ein både sjå og smaka på mangfaldet av norske ostar.

Liten tvil om vinnaren
Under NM vart alle dei påmelde ostane vurderte i kvar sin jury, ein for kvar type ost. Ein ost frå kvar klasse gjekk så vidare til ein superjury på seks personar som skulle velja ut Årets produkt. Her var det liten tvil om at det var «Fanaosten» som måtte få den gjevaste prisen, fortel domarane. Dei la mellom anna vekt på at osten har fin, jamn farge, og ei rein lukt utan noko bi-lukt. Det talde også i positiv retning at osten har utprega krystallar av mjølkesalt, som er danna i mogningstida av osten. Smaken er skildra som ein fin balanse av søtsmak og saltsmak.

Glad vinnar
Det er ein svært glad vinnar Jørn Hafslund i Ostegården i Fana som tek mot meldinga om at osten hans er «Årets produkt».
- Det er kjempegøy at me endeleg har greidd å få til eit slikt produkt, seier han. - Det har vore lang tid med mykje arbeid og prøving og feiling, fortel Jørn.
Vinnar-osten vert laga i ostehjul på 75 kilo. Det siste året har dei laga 9 slike hjul, og reknar med å kunna auka til eitt i månaden i framtida.
Jørn Hafslund yster all mjølka frå dei 12 kyrne på garden i Fana i Bergen, i tillegg kjøper dei inn ein del mjølk gjennom TINE. Det er omlag 5 årsverk på garden og i osteproduksjonen.

Alle gullvinnerne samlet!

Formålet med NM i Gardsost – handverksforedla mjølkeprodukt
«Eit årleg NM skal auka merksemd og gje meirsalg av lokalforedla mjølkeprodukt. NM skal gje konstruktiv fagleg bedømming for å heva kvalitet og status på gode produkt og å profilere Norsk Gardsost. NM skal inspirere nye og noverande produsentar og skape ein fagleg og sosial møteplass. NM skal premiere dei beste mjølkeprodukta og syne mangfaldet av kvalitetsprodukt til forbrukarane.»